Ulstein cup er i gang

Stemninga var elektrisk i Ulsteinhallen allereie timar før Norges første kamp i firenasjonsturneringa.

Heidi Løke gir alt i kampen mot Romania.  Foto: Staale Wattø.

Stine Bredal Oftedal under oppvarmingen før Norge møter Romania i Ulsteinvik.  Foto: Staale Wattø.

Sport

Allereie under "oppvarmingskampen" Frankrike - Spania var det mange som hadde teke turen til Ulsteinhallen. Berre nokre små flekkar på tribunene var ledige, og dei 2.046 frammøtte fekk ei god oppladning til kveldens høgdepunkt: Norge - Romania.

Den første kampen i turneringa enda med ein 21-17-siger til Spania, og det la grunnlaget for ein fantastisk dag i Ulsteinvik.

For om stemninga var bra tidlegare på kvelden, gjekk stemninga i taket då dei norske handballjentene gjorde seg klare til kamp.

Etter ei kjensleladd markering av bortgangen til tidlegare handballpresitent Tor Lian, var det ingen tvil om at handballentusiastane på Sunnmøre var veldig klare til kamp.

Norge tok leiinga ved Veronica Kristiansen før minuttet var spelt, og då gjekk stemninga i taket. Det er i alle fall ingen tvil om at dette er noko som vil bli hugsa lenge av dei som har teke turen.