Igor Dokmanovic tok over som trenar for 2. divisjonslaget Bergsøy før denne sesongen. Han er lysten på eit opprykk, men har ikkje noko problem med å seie at det er eit stykka fram før det er realistisk.

– Vi har snakka om det å spele i 1. divisjon, men då må mykje skje. Vi må ha fleire spelarar i stallen, og vi må trene meir enn det vi gjer no, seier den kroatiske trenaren.

Bergsøy har hatt ein god sesong i 2. divisjon, og ligg på tredjeplass på tabellen. Det er ikkje realistisk med opprykk allereie denne sesongen.

God generasjon

– Det er ein svært god generasjon spelarar som kjem opp i klubben no. Om nokre år er dei klare for dette nivået, og då kan det bli ei spennande tid for klubben, seier Dokmanovic.

Litauiske Evaldas Grieze er ein av det viktigaste grunnane til at Bergsøy heng med i toppen. Han synast draumen om 1. divisjon er spennande.

– Men vi må trene mykje meir for å kunne bli så gode. No har vi tre treningar i veka, men det er mange som jobbar og studerer ved sidan av. Det gjer at på berre to av dei er vi toppa mannskap. Det må bli betre om vi skal opp ein divisjon, men det er ein fin draum, seier han.

Bortekamp søndag

Søndag ventar Bjørnar på bortebane. Dei ligg på sjetteplass på tabellen.

– Vi vet ikkje heilt kva vi skal forvente oss, men det var eit bra lag sjølv om vi slo dei med fire mål sist. Det er ikkje så lett for meg å vite så mykje om laga når det er min første sesong. Neste sesong blir det nok betre, seier Dokmanovic, som lovar å bli verande i klubben.

Volda møter topplag

Volda har to viktige kampar i Oslo denne helga. Laurdag bør dei slå Oppsal 2, som ligg på niandeplass. Søndag ventar ein viktig toppkamp mot Bækkelaget.

– Skal vi rykkje opp til 1. divisjon, så må vi ta fire poeng i desse kampane. Så enkelt er det, seier Volda-trenar Halldor Stefan Haraldsson.

I fjor haust slo Volda både Oppsal 2 og Bækkelaget på heimebane. Spesielt 35-24-sigeren mot sistnemnde var sterk.

– Vi leia 10–1 etter ti minutt, men etter det var det ein jamn kamp. Eg trur det blir det mot dei no også, seier den islandske trenaren.

Kristian Stenerud