Det var likevel ein spanjol, Kilian Jornet, som var raskast av dei kring 120 deltakarane, og vann konkurransen på tida  2.18, 49. Norgesmeistertittelen fekk han likevel ikkje med seg.

På dei neste plassane bak Skjervheim kom: Rune Morten Johansen (Ishavslaget), Håkon Klerud Johannessen (Romsdal Randonee Klubb) og Jøran Grøvdal (Isfjorden IL).

Raskaste kvinne vart Emelie Forsberg framfor Ida Nilsson (Fjällframfart) og Malene Haukøy (IL Haukøy).

Konkurransen vart arrangert for første gong i fjor, og har start og mål ved Stryn vinterskisenter.

Sjå heile resultatlista (ekstern lenke)

Arrangementet er både NM og KM for Sogn og Fjordane, og norgeseliten stilte på startstreken. Laurdag vart det gode snøforhold og sol, men på førehand hadde dårleg vere laga til utfordringar.

– Det har vore snø og ein del vind siste dagane, så skredfaren har vore stor i enkelte parti. Difor måtte vi legge om delar av traseen. Takka vere enorm innsats frå løypemannskap og frivillige, har det latt seg gjere, fortel Johan Olai Svidal på vegner av arrangøren.

Stryn Rando 3000 er ein konkurranse der det handlar om å gå raskast over sju fjelltoppar, til saman 3.000 høgdemeter, på randoneeski. Grunna forholda i år blei det korta ned til tre toppar og kring 2.200 høgdemeter.