Enkelte, underteikna inkludert, gjorde seg klar til straffespark-konkurranse på finalebana på Ekebergsletta. Men på dette nivået er ikkje reglane slik. Om det står uavgjort også etter ekstraomgangane så skal finalelaga dele gullet.

– Som å tape

Ut frå eit nøytralt synspunkt var vel det heilt greitt at ein sjansefattig finale enda uavgjort. Men det var ulike meiningar i begge dei to leirane om kor nøgde dei var med å dele gullet med sunnmørsrivalane.

– Nei, eg synest ikkje dette var greitt. Det vart nesten som å tape. Eg følte vi spelte best, seier Blindheim-kapteinen Peter Frostad.

– Å dele gullet var kanskje like greitt. Ørskog har nemleg ein veldig god keeper, som hadde vore vanskeleg å score på i ein eventuell straffespark-konkurranse, meiner Lars Ola Navelsaker, trenar for Blindheim.

Få sjansar

Både Blindheim og Ørskog såg noko slitne ut etter eit hektisk kampprogram fram mot finalen. Det var langt meir fart i laga sine respektive semifinalar torsdag enn i sjølve finalen. Først midtvegs i andre omgang fekk vi sjå sjansar som var noko å snakke om.

Og dei få sjansane som kom var noko lunde likt fordelte mellom laga. Blindheims Erlend Riise fekk Ørskog-keeper Sondre Hanestadhaugen ut i full strekk ti minutt før full tid. To og eit halvt minutt før full tid var Ørskogs Vebjørn Nakken nær ved å kome åleine med Blindheims keeper.

Heilt på tampen kunne også Vetle Sandberg og Elias Brautehaug (på eit frispark) ha fått til noko. Men i ekstraomgangane var kanskje Blindheim hakket nærare. Både Jonas Navelsaker og Peter Frostad hadde då brukbare sjansar for kvittrøyene. Men det enda altså 0-0.

– Vi spelte ein grei kamp, men hadde nok litt slitne føter. Eg er kanskje litt skuffa akkurat no. Men alt i alt har vi hatt ei utruleg fin veke. Vi hadde ikkje venta å nå så langt, seier Lars Ola Navelsaker.

– Mangla kreativitet

Og omtrent på same måte oppsummerte trenar Ole Uren Ørskog sin innsats i turneringa og i finalen.

– Alt i alt var vel delt gull greitt. Vi fekk tidleg ein skade på eine midtbanespelaren vår, så vi mangla litt kreativitet på bana i dag. Føtene til mange var også tunge, så det vart ein del feilpasningar. Finalen var jamn mot eit godt Blindheim-lag, seier Uren.

I likskap med Blindheim-trenaren Navelsaker trur han fort Ørskog kunne ha vunne om det hadde blitt straffespark-konkurranse.

– Sondre hadde i tilfelle ordna det for oss då, smiler Ole Uren.

Tre Blindheim-medaljar

Blindheim har hatt mange lag som har gjort det godt i årets Norway Cup. I tillegg til G14-laget sitt delte gull, vart det sølv på J13-laget og bronse på J14 (alle laga spelte sjuarfotball). Medan Blindheim er ein stor breiddeklubb, er det sjeldan at lag frå små plassar som Ørskog markerer seg godt på eit nasjonalt nivå.

– Det er jo berre 2000 som bur i Ørskog. Nei, dette var fantastisk herleg. Dette gav meirsmak, gliser Ørskog-kaptein Elias Brautehaug.