Karsten Warholm sprang seg til finalen i 400 meter hekk i London under VM i friidrett.

Løpet blei overført direkte på NRK1, og sambygdingane til Warholm hadde samla seg i Ulsteinhallen for å sjå løpet på storskjerm.

Dei medbringa flagga vart nok flagga høgt, for han sprang seg inn til ein andreplass og er dermed med i finalen på onsdag.

– Det blir storsamling i Sjøborg kulturhus onsdag kl. 22.30 for å sjå finalen, seier trenar Arve Hatløy.