– Det er klart vi skal gå i tog. Det bleiknar jo i forhold til kva Karsten har sprunge, så dette er det minste vi kan gjere, forklarer Trude Gurskevik Knotten.

Ho er eldsjela som bestemte seg for å arrangere tog frå Dimna til Ulsteinvik for å gjere stas på den lokale helten, Karsten Warholm. For i kveld spring han VM finale i 400 meter hekk.

– Det blei ein litt brå happening, men vi er jo ein del som skal gå.

Tilsaman gjekk dimnafolket 8 km. Det var også plassert opp saftstasjon ved Straumane. No er dei klare på sjøborg kulturhus.

– Han er utruleg flink

– Vi ser opp til Karsten. Han er utruleg flink, og vi trur han tek medalje. Det kan til og med kan bli gull, fortel dei to veninnene Erica Solhjem (13) og Angel Ngvyen  (14)

Dei har begge møtt opp for å heie på Karsten i dag.

– Det gjer ikkje noko om han ikkje vinn, har har ei lang karriere framfor seg og han får fleire moglegheiter, forklarer Erica.

– Men vi håper jo verkelig han vinn heile greia, legg Angel til.

– Karsten har kontroll

Han trur det blir bra med trøkk i Ulsteinvik når startskotet går.

Alt må klaffe

Hatløy har tru på at det kan bli medalje på Warholm, men då må alt klaffe.

– Eg trur vi kjem til å sjå ein knallstart frå Karsten. Klarar han å halde trøkket oppe og alt klaffar kan vi sjå han ta medalje og til og med gå heilt til topps. Han har det i seg, smiler Hatløy.

Han meiner det er dei siste 100 metera er det vil avgjerast.

– Om Karsten klarer dei siste to hekkane på 13 steg blir det medalje, forklarer den treneren som legg til at han meir spendt enn gjennomsnittet.

En siger uansett

– Eg vil ønsker Karsten lykke til, Vi heiar i Ulsteinvik, og alle plasseringar er ein siger, avslutter trenaren, som får støtte frå dei andre “dimnakorrane” på Sjøborg i kveld.