(Vikebladet:) I år som i fjor er Karsten Warholm nominert til prisen som årets mannlege europeiske «Rising Star» av det europeiske friidrettsforbundet. Dette er ein pris som blir gitt til utøvarar som har hatt sitt gjennombrot denne sesongen, og med VM-gull, samt gull og sølv i U23-EM, i tillegg til flotte prestasjonar i Diamond Leauge, har Warholm for alvor fått sitt internasjonale gjennombrot.

Per dags dato er det også Warholm som er i leiinga i denne konkurransen, som blir gjennomført som ei avstemming på EA sine facebook-sider. I kategorien årets mannlege gjennombrot er også Jakob Ingebrigtsen blant dei ti nominerte.

Denne prisen er ein del av «European Athletics Golden Track», og Warholm kan ikkje berre bli årets gjennombrot. Prestasjonane hans har nemleg vore så imponerande at han også er nominert som årets mannlege utøvar i Europa.

Her har Warholm svært sterke konkurrentar, mellom anna i den populære britiske løparen Mo Farah, men det er ein annan som toppar konkurransen så langt. Den tyske verdsmeisteren i spyd, Johannes Vetter, har fått klart flest stemmer så langt.

På noverande tidspunkt er Warholm med i sjiktet rundt andreplassen i kåringa, men det er framleis tid til å sanke fleire stemmer for 21-åringen frå Dimna IL. Avstemminga for årets utøvar og årets gjennombrot blir avslutta tysdag 26. september.

Nominert til årets mannlege utøvar:

  • Pierre-Ambroise Bosse – 800 meter (Frankrike)

  • Yohann Diniz – 50km kappgang (Frankrike)

  • Pawel Fajdek – slegge (Polen)

  • Mo Farah – 5- og 10.000 m (Storbritannia)

  • Andrius Gudzius – diskos (Litauen)

  • Ramil Guliyev – 200 meter (Tyrkia)

  • Piotr Lisek – stavsprang (Polen)

  • Kevin Mayer – mangekamp (Frankrike)

  • Johannes Vetter – spydkast (Tyskland)

  • Karsten Warholm – 400 meter hekk (Norge)

Nominert til årets mannlege gjennombrot:

  • Armand Duplantis – stavsprang (Frankrike)

  • Jakob Ingebrigtsen – 3000m hinder, 5000 m (Norge)

  • Niklas Kaul – tikamp (Tyskland)

  • Myhaylo Kokhan – slegge (Ukraina)

  • Maksim Nedasekau – høgde (Kviterussland)

  • Timo Northoff – kule (Tyskland)

  • Reece Prescod – 100 meter (Storbritannia)

  • Sergey Shirobokov – kappgang (Russland)

  • Miltiadis Tentoglou – lengde (Hellas)

  • Karsten Warholm – 400 meter hekk (Norge)