Han scora frå kort hald etter ei målgjevande pasning frå ein annan junior, Eirik Saunes. Dermed enda ein varierande Hødd-kamp godt til slutt.

DEBUTANT Johannes Sundgot hadde aldri tidlegare spelt for Hødd sitt a-lag i andredivisjon. I dag fekk han sjansen frå start.

Trenar Sindre Eid gjorde nokre kanskje litt overraskande val i dagens laguttak. Den lovande junioren Johannes Sundgot hadde ikkje spelt eit einaste minutt i 2.-divisjon før denne kampen. I dag fekk han sjansen på den venstre vingbacken frå start av. Lagets beste spelar denne sesongen, Torbjørn Kallevåg, starta kampen på benken.

Video: Høgdepunktene frå Hødd-Vindbjart

Storscorar straffa Hødd

Hødd styrte det meste i 1. omgang, men det gjekk lang tid før det vart synleg i målprotokollen. Vindbjart tok leiinga etter kampens første sjanse i det 15. minutt. Hødds Henrik Breimyr såg ut til å skli då han skulle klarere vekk ei Vindbjart-klarering. Ballen gjekk rett gjennom Hødd-forsvaret. Divisjonens toppscorar Øyvind Gausdal kunne dermed runde Hødd-keeper Ole Monrad Alme og enkelt sende bortelaget i leiinga.

Dramatisk kamp: Sjå heile kampen i opptak

Store Hødd-sjansar

Etter målet kom Hødd til ei rekkje sjansar. Robin Shroot fekk eit brukbart treff like utanfor i det 21. minutt. Fire minutt seinare avslutta Shroot frå kort hald etter eit fint angrep. Ballen gjekk først i keeper, deretter i tverrleggjaren – og så ut. På ein corner like etter var Steffen Moltu nær ved å heade ballen i mål. Vidare fekk Shroot ein ny stor sjanse i det 34. minutt. Og i det 41. minutt varta Vindbjart-keeper Nicolai Larsen Berg opp med ei ny fin redning på eit Eirik Saunes-skot frå kort hald.

Hjelmeseth utlikna

UTLIKNA Robin Hjelmeseth jubla for å ha utlikna til 1-1 like før pause. Også spissmakker Robin Shroot scora seinare i kampen, men Hødd fekk aldri avgjort denne kampen til sin fordel.

Då Hødd endeleg fekk si fortente utlikning kom det på eit straffespark som vart delt ut etter ein situasjon inne i feltet etter ein corner. Robin Hjelmeseth var sikker frå 11-meteren. Det var Hjelmeseth si tredje scoring etter returen til moderklubben i sommar. Før utlikninga hadde Vindbjart hatt eit par brukbare sjansar på sine nokså sjeldne besøk. Men ut frå spel og sjansar burde Hødd ha leia med eit par mål halvvegs.

Vindbjart tok over

Første del av andre omgang vart ganske så annleis. Hødd gira ned eit par hakk, medan Vindbjart satsa mykje høgare i bana. Ikkje det at bortelaget kom til dei store kvalifiserte sjansane, men det gjorde heller ikkje Hødd.

I andre del av omgangen varta Vindbjart opp med både sjansar og mål. Eit flott Vindbjart-angrep i det 69. minutt enda med at Kim Kvaalen avslutta frå kort hald. Heldigvis for Hødd redda Ole Monrad Alme fint. Berre minuttet seinare tok gjestane leiinga. Både Steffen Moltu og Henrik Breimyr rota i Hødd-forsvaret før Øyvind Gausdal fekk lagt inn til Nicolai Aas, som enkelt scora frå kort hald.

Så kom Shroot-scoringa

Minutt seinare utlikna Hødd på deira første sjanse denne omgangen. Daniel Eid la til rette for Robin Shroot, som finta vekk eit par motspelarar før han enkelt sette ballen i mål frå kort hald. Det var Shroot sjette seriemål etter returen frå Viking i sommar.

Sjansar begge vegar

Det same gjorde Hødds innbytar Torbjørn Kallevåg  det 82. minutt, då etter eit fint veggspel med Robin Shroot i forkant. Det bølgja fram og tilbake i sluttminutta. Fire minutt seinare fekk Peder Karlsen sjansen frå kort hald, men Vindbjart-innbytaren klarte ikkje å avslutte skikkeleg.

NØGD TRENAR Sindre Eid valde å gi fleire lokale ungdommar sjansen både frå start og seinare i kampen. Derfor var det ekstra kjekt at Hødd til slutt sikra seg tre poeng.

Minuttet før slutt kunne Shroot ha avgjort kampen med eit lurt skot då han fekk ballen i gåve frå Vindbjart-keeperen, men sisteskansen fekk henta seg inn igjen i tolvte time.

Det låg altså an til å ende 2-2, heilt til Håkon Brautaset dukka opp to minutt på overtid.

Kampfakta

2.-divisjon avd. 2

Hødd – Vindbjart 3-2 (1-1)

Høddvoll

TILSKODARAR: 1225

MÅL: 0-1 Gausdal (15), 1-1 Hjelmeseth (45, straffe), 1-2 Aas (70), 2-2 Shroot (72), 3-2 Brautaset (90)

DOMMAR: Jon Romuld Håversen, Gimletroll IK

GULE KORT: Saunes, Törnqvist, Kallevåg, Torset (Hødd), Mafi, Engesland  (Vindbjart)

HØDD: Ole-Monrad Alme – Daniel Eid, Jesper Törnqvist (K), Henrik Breimyr, Steffen Moltu, Johannes Sundgot (Torbjørn Kallevåg 68)  – Eirik Saunes, Bendik Torset (Andreas Breimyr 78), Bendik Rise – Robin Shroot, Robin Hjelmeseth (Håkon Brautaset 83).