I førre veke la Ellingsøy inn protest då dei meinte Volda 2 hadde med for mange A-lagsspelarar i 5. divisjonskampen. Volda 2 brukte berre fem A-lagsspelarar som var i førre 4. divisjonskamp, men dei hadde med seg sju i troppen totalt sett.

Då skulle dei etter kampen ha strøket ut dei spelarane som ikkje blei nytta i kamprapporten, men det gjorde dei ikkje. Ellingsøy meinte difor Volda 2 hadde gjort ein formell feil, men kretsen avviste protesten i går.

Oppgitt over fotballkretsen

– Kretsen presiserer på møte etter møte at det som står i kamprapporten gjeld. Ein skal skrive under den og godta at det som står der er riktig. Når det ikkje blir gjort, så har kretsen ein unik sjanse til å vise kor viktig det er. Men når dei no avslår denne protesten, så seier dei det same som at det er fritt fram, seier Jon Eikrem i Ellingsøy IL.

– Vi er ferdige med saka og må berge oss sjølv. Vi ville ha tre poeng på grunn av ein formell feil, og meinte vi hadde ein god sak. Juridisk avdeling i NFF seier det skal veldig sterke bevis til for å avvike frå kamprapporten, seier Eikrem.

Dommaren bekrefta også

I grunngjevinga for protestav­slaget står det at kretsen har sett at Volda 2 hadde med sju spelarar i troppen, som var med i førre A-lagskamp. Men to av dei som stod oppført i kamprapporten for førstelaget var ubenytta reservar. Dei var difor spilleberretiga for andrelaget i etterfølgjande kamp. Det har Volda lagt fram videobevis for, og dommaren meiner det stemmer.

Interessert i lokalfotball? Se hvilke kamper som spilles i dag

– Hovudregelen er slik at kamprapporten skal vege tungt i alle saker, men det er ein hovudregel og ikkje noko som er absolutt. I dette tilfellet har ein anna type dokumentasjon som kan bekrefte at det som står i kamprapporten ikkje var riktig, seier dagleg leiar Bjørn Oskar Haukeberg i fotballkretsen.

– Er det videobeviset som reddar Volda i denne saka?

– Ja, det er det, så hjelp det også at dommaren bekreftar det Volda seier. Men det er sant som Ellingsøy seier at vi har snakka mykje om viktigheita av korrekte kamprapportar. Også i år finn vi for mykje feil.