Å slå den eitt år gamle rekorden til bergenseren Pål Haugen Lillefosse på 7,13 var målet til Jonas denne vintersesongen.

Allereie forrige helg slo han den uoffisielt med tida 7,12 under skulecupen, men tida vart ikkje teljande. Han var difor temmeleg klar for at rekorden offisielt skulle ryke i dag.

– Eg fekk ein god start og ting fungerte bra. I og med at eg eigentleg tok rekorden forrige helg, så var det veldig deilig å få tatt den offisielt i dag, seier Jonas Andre Ose.

Trenar Arve Hatløy er godt nøgd med eleven sin, spesielt sidan dette ikkje var tidspunktet Ose skulle vere i toppform.

– Dette var eit kjempeløp av Jonas. Det er vel berre Karsten Warholm som kan vise til same nivå i Møre og Romsdal for gutar 15 år. Held han seg skadefri kan dette bli veldig bra, men det er sjølvsagt mykje hardt arbeid som må gjerast i tida framover, seier Arve Hatløy.