(fjordingen.no) Men sukket over Tarjei-bom på siste skyting skulle til slutt ende i eit stort jubelbrøl for gullguten Johannes.

Når Fjordingen rekk fram til leilegheita til Martine Bø Solbakken, der bror Rasmus Endre og kona Marthe og foreldra Klemet og Aslaug har vore samla for å sjå torsdagens normaldistanse, står dei på golvet framfor TV-en i stova. Det er berre få minuttar sidan det vart klart; broren, sonen og svogeren Johannes Thingnes Bø er olympisk meister!

Rørt

På skjermen står ein rørt Tarjei og fortel om broren sin fantastiske prestasjon og helsar heim til familien. Det ringer på telefonar og gratulasjonane står i kø. Dei fem har summa seg sånn nokon lunde, etter det som skulle bli ein høgdramatisk konkurranse.

– Vi fekk ein liten knekk etter første skytinga til Johannes, men det var spennande heile vegen, seier mamma Aslaug.

– Det var jo Tarjei vi hadde trua på heilt til siste skyting. Men vi skreik stygt då, seier pappa Klemet, og tenkjer på dei to bomma som fråtok eldstemann OL-gullet og øvrige medaljesjansar.

– Ja, vi trudde vel alt rauk då, legg han til. For ingen hadde trudd at Fourcade kunne gå på ein tilsvarande smell på sin siste ståande serie.

– Om vi ikkje kan seie at den kom som bestilt, ja så kom det godt med, ler Klemet.

Og når Jakov Fak heller ikkje klarte å knappe inn forspranget på fem sekundar etter den siste skytinga, ja då var det berre å sleppe jubelen laus.

– Eg var vel den som skreik høgast, vedgår Martine.

Suksessterte

Sjølv om det truleg ventar ein hektisk kveld for Johannes, så har mamma Aslaug tru på at det skal vanke ein liten prat med sonen før han finn senga.

– Han sa vi skulle snakkast etter normalen, så det reknar eg med står ved lag, smiler ho.

– Blir det feiring no då?

– Ja, vi må jo det, seier Martine.

– Eg foreslår OL-studio og så lagar vi taco. Og så kan du lage kake, seier Rasmus Endre, og nikkar mot Aslaug.

– Kva kake passar å feire med, spør vi?

– Det må bli suksessterte, seier Rasmus Endre, til latter frå dei andre.