Denne ferske klubben kan sjå attende på ein vellukka markering av «World Orienteering Day».

Som det går fram av namnet var det ei markering over heile verda, sidan onsdag 23. mai var sett av til ein verdsomspennande dag for orienteringssporten.

På verdsbasis er det totalt 1.700 arrangement fordelt på 77 land. Dei fleste vart haldne onsdag, men mange stader har dei også markeringar på andre tidspunkt, som til dømes hjå Emblem IL.

Veldig fornøgd

– Eg er veldig fornøgd med oppslutnaden frå dei tre skulane som deltok. Velledalen Montessoriskule stod sjølve for opplæringa og hadde invitert to naboskular, Tandstad og Hundeidvik. Alle honnør til Montessoriskulen som la opp til ein heil aktivitetsdag der orienteringa var ein del av opplegget. Det var rundt 100 skuleelevar som fekk prøve seg. Og eg kunne sjå at dei koste seg. Ikkje minst var det ein suksessfaktor at vêret var så fantastisk, seier Pernille Ibsen Lervåg i Velledalen IL.

Onsdag kveld og i går kveld hadde dei sjølve også løp på Fjellsætra for sine medlemmar, der det var både grilling av mat etter orienteringsløp med tre forskjellige løyper.

Emblem med eige opplegg

Emblem IL har laga sitt eige opplegg, kan leiar Christer Jensen avsløre.

– Marit Lundanes står for skuleorienteringa i vår klubb. Ho har ansvaret for tre torsdagar der vi totalt gjer eit tilbod til fleire hundre skuleelevar. I fjor sprang heile 880. Vi reknar med like godt oppslutnad i år, seier Jensen.

Fyrste løpsdag var i går på Emblemssanden, mens det neste torsdag er på Stavsetneset skuleborna skal jakte på orienteringspostar. 14. juni rundar Emblem IL av med tilbodet for elevar i Spjelkavik sidan Sandingane då er samlingsstad.

Tredje året

– Dette er tredje året at Verdas o-dag vert arrangert. Vi ser no at det er i ferd med å etablere seg som eit arrangement – både rundt i verda, men ikkje minst her i Noreg. Kvart år er det fleire klubbar og skular som viser interesse for å få til eit arrangement, seier fagansvarleg i Norges Orienteringsforbund Lene Kinneberg i ei pressemelding frå forbundet.

Elevar frå tre barneskular jakta på orienteringspostar i Velledalen onsdag føremiddag. Foto: Pernille Ibsen Lervåg