Det melder Volda handballklubb på heimesida si. Zimny har den siste sesongen spelt for eliteserieklubben Storhamar, som vann bronse i eliteserien. Der vart ho mellom anna kåra til banen sin beste spelar i semifinalen mot Larvik, der ho scora fem mål, skriv klubben.

Zimny er ein 188 cm høg venstreback. Spelaren kjem første året på utlån frå den polske klubben Pogon Baltica Szczecin. Ho spelar også på det polske landslaget, og var på samling der så seint som sist helg.

– Vi har skrive ein toårskontrakt der det første året er på utlånfrå hennar polske klubb, seier sportsleg leiar Bent Ingebrigtsen iVolda handballklubb ifølgje nettsida.

Trenar Halldor Stefan Haraldsson seier han er nøgd med at Zimny valde Volda.

– Vi veit at ho har vore på besøk i store klubbar og det at ho velVolda viser at vi jobbar på ein bra måte og er ein profesjonellklubb, seier han.