Handball

Volda vil stoppe heisa - henta polsk landslagsspelar

«Alle gode ting er tre». Det håper Volda Handball å vise i sesongen som kjem.

Polsk landslagsspelar: Aleksandra Zimney fekk eit veldig godt inntrykk av Volda då ho var på besøk i klubben 16. mai. Måndag kveld signerte ho for 1. divisjonsklubben. 22-åringen kjem frå eliteserieklubben Storhamar (som bilete fortel) og har spelt fire A-landskampar for Polen. Ho er på plass i Volda 23. juli då oppkøyringa til sesongen 2018/19 tek til. 

Sport

Kvifor dette ordtaket lurer du kanskje på? Jau, det har seg slik at Volda sitt damelag i handball i to sesongar har vore oppe på nivå to i norsk damehandball. Begge gonger har det enda med nedrykk direkte og attende til 2. divisjon.