Laurdag arrangerast «Norges råaste bakkeløp» i motorsport. Det skjer i Bardufoss, og Rødset, busett i Brattvåg, er ein av fleire deltakarar.

– Dette bakkeløpet er unikt i Noreg. Det er det største i landet og går føre seg i Målselv fjellandsby, seiar Rødset til Sunnmørsposten, som trur det blir mykje folk som kjem til å sjå på bakkeløpet.

– Det var 4000 personar i bakkane i fjor, og eg trur det blir mangfaldige tusen fleire i år på grunn av Petter og Oliver Solberg, seier Rødseth på telefon på vegen opp til Nord-Norge.

Solberg

Rødset konkurrerer i klassen for historisk racing og får laurdag moglegheita til å teste seg mot ein heilt spesiell konkurrent.

Den tidlegare verdsmeisteren i både rally og rallycross, Petter Solberg, stiller nemleg i same klasse som Rødset i Målselv.

– Det er veldig artig at eg skal konkurrere med han. Om han slår meg, skal eg takle det, spøkar Rødset.

Det var faktisk Solbergs deltaking som gjorde at Rødset valde å stille opp i årets bakkeløp.

– Eg var usikker på om eg skulle reise opp dit, men då eg høyrde at han skulle delta, måtte eg berre reise. Eg hadde lyst å måle meg mot ein av dei beste i verda, forklarar Rødset.

140 mil

Det er tidkrevjande å delta i konkurransen i Målselv fjellandsby. Onsdag kom Rødset heim frå jobbreise i Sveits. Torsdag morgon var det berre å kaste seg i bilen for å reise nordover.

– Det er 140 mil, og det tar nok ein og ein halv dag før vi er framme. Så er konkurransen for bakkeløp på laurdag, og så reiser eg heim igjen på søndag. Heldigvis har eg ferie når eg kjem heim, seier Rødset.

I bakkeløpet køyrer ein og ein bil opp bakken. Det er om å gjere og køyre raskast opp på tid.

– Vi får fleire forsøk på ein asfaltveg som går langs eit skitrekk, seier racingkøyreren.

Rødset har heldt på med motorsport i lang tid og blei i 2014 noregsmeister i historisk racing.

Hans første tittel kom i 1996. Då blei Rødset norsk meister i klassen formel A.

Rune Rødset kjører fra Brattvåg til Målselv for å kjøre bakkeløp lørdag. Foto: Privat