Andre divisjon avdeling to startar laurdag opp igjen etter ein etterlengta sommarferie for spelarane.

Dei lokale laga i divisjonen, Brattvåg og Hødd, har heilt ulike utgangspunkt framfor siste del av sesongen. Allereie til helga kjem nøkkelkampar.

Sjå kampane her på smp.no:

Nardo – Brattvåg

Kjelsås - Hødd

Hødd tek nemleg turen til Oslo for å spele mot Kjelsås. Hovudstadsklubben er på fjerdeplass i divisjonen med like mange poeng som Hødd på tredjeplass.

– Det er eit lag som har meldt seg på i toppen. Dei var vel ikkje tippa der, men har tydelegvis klart å skape eit godt lag. Det blir ein skikkeleg tøff kamp, seier trener Sindre Eid, som manglar blant anna Marius Hagen, Andreas Breimyr og Isak Skotheim i helga.

Gode moglegheiter

Hovudtrenaren trur Hødd må gjere ein verkeleg god kamp for å hamle opp med Kjelsås.

– Vi stiller med eit godt mannskap, det er berre snakk om å få ut potensialet, seier Eid, og legg til:

– Eg håper at vi kjem godt i gang igjen i haustsesongen, at vi held fram med den utviklinga vi har hatt og spelar stabilt.

Han trur ikkje det er krise for eit eventuelt opprykk om dei må reise heim med tap frå Oslo.

– Det er 15 kampar igjen, og det er lenge. Det ville vore greitt å få ein god start og tryggleik. Vi får gjere ein så god kamp som mogleg laurdag, og da er sjansen stor for tre poeng.

– Tøff batalje

Brattvåg hamna, like før vårsesongen var over, under nedrykksstreken, blant anna grunna ein forferdeleg heimestatistikk.

– Vi har ein ganske bra bortestatistikk, så vi får prøve å ta med oss det. Vi begynnar med blanke ark og skal ta kamp for kamp. Det blir ein liten cupfinale kvar gang, seier Brattvåg-trenar Karl Oskar Fjørtoft.

I første kamp etter ferien reiser Brattvåg til Trondheim for å spele mot tabellnabo Nardo. Trønderane står med to poeng mindre enn Brattvåg.

– Det blir ein tøff batalje, og truleg ikkje noko finspel, men mange duellar. Den som vil mest og har marginane med seg vinnar. Vi er godt forberedt, men det viktigaste er kanskje å ikkje tape kampen, avsluttar Fjørtoft.

Han har fleire usikre kort med skader i troppen, blant anna kaptein Hugues Wembangomo, Simon Tomren og Torbjørn Grytten.

Både Brattvågs og Hødd kamp spelas klokka 16.00 laurdag.