– Eg fekk høyre at dei trengde hjelp, og som engasjert i klubben ville eg stille opp. Fotball er alltid gøy, seier Kragset til Sunnmørsposten. Han har ikkje eigne barn på laget.

– Det er ein stor forskjell på å trene gutar og eit A-lag, men det er ein fin gjeng. Dei reiser til Oslo først og fremst for å ha det gøy, seier Kragset.

Vanlegvis er det Carlo Reite som trener laget, men han kunne ikkje vere med til hovudstaden på grunn av jobb på sjøen.

Sunnmørsposten viser Norway Cup: Disse kampene kan du se direkte på smp.no

Første gong

Vanylvens gutar 14-lag skal på Norway Cup for første gong. Den einaste turneringen dei har vore på utanfor fylket tidlegare, er Selje Cup i Sogn og Fjordane. Kragset fortel om spente spelarar.

– Dette er som eit VM for spelarane, ler Kragset.

Sjølv har ikkje den rutinerte trenaren resultata i fokus på turen.

Likevel legg han ikkje skjul på at det kan vere lett å la seg rive med når kampane først startar.

– Det blir seriøst når kampane kjem i gang, og vi vil jo vinne, men det gjeld å finne balansen mellom å ha det gøy og vinne fotballkampar, seier Kragset.

Tre lag

Totalt stiller Vanylven med tre lag i Norway Cup. Også i klassene gutar 15 og 16 år, samt i jenter 14, sendar nemleg den vesle klubben sjuarlag for å delta.

Vanylven er også blant laga det er mogleg å sjå på internett i Sunnmørsposten satsing på turneringa, der fleire kampar blir vist på smp.no for abonnentar.

G14-laget skal i aksjon på ein videobane mot Lesja søndag 29. juli. Laget er også i gruppe med Breimsbygda frå Sogn og Fjordane og Stord frå Hordaland.