Og morgonen blei innleia av at Dimna IL, klubben som alle no veit er Karsten Warholm sin, sette opp hekkar med norske flagg på kvar side av Sjøvegen, som ei slags æresvakt for bygdas store son, som no er både verdsmeister og europameister.

– Ja, det er klart vi er stolte av han. Eg kjente ei tåre i augekroken då han vann i går, seier Knut Arne Høivik, der han sit med venene inst i kroken på Valaker på Blåhuset.

– Det er noko av det største innan idrettsprestasjonar i Norge, og dette er ikkje stort berre for oss, men for alle i Norge, seier han.

Rundt bordet er det tydeleg at EM-gullet Warholm tok torsdag kveld er det store samtaleemnet denne dagen. Diskusjonen om kva som er dei største prestasjonane frå Hareid-landet og Norge er.

Her nemnast Geir Moen sitt EM-gull på 200 meter, Trine Hattestad, Audun Garshol - og attpåtil Hjallis sine prestasjonar.

Fortent

Dei fire karane er imponerte av personen Warholm, at han er ein real og fin fyr med munnlege fråspark som nesten kan vere like kraftige som når han spring, og at han veit kor han kjem frå.

– Og vi veit kor mykje han har trent. Det er som i songen til Vømmøl Spellmannslag, "det e itjnå som kjem tå sæ sjøl". Vi hugsar han springe på Osnessanden morgon og kveld, seier Høivik, som sjølv kjenner Warholm.

– Men på dette nivået så må ein nok ha litt talent og. Her må ein nok ha ein kropp som er bygd for det, talent, treningsvilje og hovud for det, legg Nils Einar Garnes til.

– Trur de at det vert eit gull til i kveld då?

– Njaa. Han har no allereie vunne no, men han er jo typen som kan gjere det ein gong til, han har jo litt av ei skalle. Men om det ikkje blir gull, så trur vi det blir medalje, seier karane, som garantert kjem til å sitte framfor fjernsynet når Warholm skal springe 400 meter i kveld.

Flaggdag

Fleire norske flagg vaia i vinden og regnet i Ulsteinvik i dag. Mellom anna hadde G-sport heist flagget.

– Det er berre på sin plass, seier Inge Kaldhol som arbeider i butikken.

Han fortel at dei ofte får eit lite salsoppsving etter at Warholm har vore i aksjon, og bak han er det eit par damer som prøver joggesko medan han seier det. Om det berre er eit tilfelle, vitast ikkje.

– Warholm er veldig lett og like og eit godt forbilde. Han er typen til å stå på litt ekstra, som i går då han var omtrent likt med tyrkaren over siste hekk, men han ville litt meir og vann. Eg trur det er det som gjer han så god, seier Kaldhol, som gler seg til kveldens løp.

Inge Kaldhol trur Warholm er typen til å klare det umogelege.
Æresvakt for bygdas store son.