Ulsteinvik står æresvakt for EM-gullet til Warholm:

– Det er klart vi er stolte av han

I Ulsteinvik, som sikkert mange andre stader, var det gårsdagens prestasjon frå Karsten Warholm som var den store snakkisen. Det er rett og slett flaggdag i bygda i dag.

Snakkis: Karane på Valaker trur det blir ny medalje i kveld. F.v: Atle Strandebø, Nils Einar Garnes, Knut Jørgen Bigset og Knut Arne Høyvik. 

Sport

Og morgonen blei innleia av at Dimna IL, klubben som alle no veit er Karsten Warholm sin, sette opp hekkar med norske flagg på kvar side av Sjøvegen, som ei slags æresvakt for bygdas store son, som no er både verdsmeister og europameister.