Hødd jaktar framleis på Skeid, sjølv om avstanden er heile åtte poeng

– Vi kan aldri gje opp

– Så lenge det er mogleg, så går vi for førsteplassen og direkte opprykk, seier Hødd-trenar Sindre Eid.

KVEN LER BEST? Hødd-trenar Sindre Eid og Skeid-trenar Tom Nordlie var begge ganske nøgd med uavgjort i vårkampen i Oslo. Eid er nok ikkje like nøgd med uavgjort søndag. Foto: Jarle Mordal  Foto: Jarle Mordal

Sport

Søndag kveld klokka 18 står leiarlaget Skeid på motsett side på Høddvoll. Dersom Skeid vinn, er dei langt på veg oppe. Vinn Hødd, vil avstanden fram til Skeid «kun» vere fem poeng.


Søndag kl. 18:

Sjå Hødd - Skeid

Sjå dagens kamp i Postnordligaen mellom Hødd og Skeid.

  – Og då kan alt skje. Skeid har tøffe kampar att, det har vi også, men no må vi berre tenke på denne fyrste kampen. Vi ynskjer veldig å slå Skeid, seier Sindre.

Hødd fekk seg ein skikkeleg «kveik» då Arendal vart slått 2-1 borte sist runde.