Anders Fannemel vil lære av den beste:

– Må sjå kva Kamil Stoch gjer

Polakken Kamil Stoch var den beste skihopparen i verda sist vinter. Honndølen Anders Fannemel har forsøkt å sjå på kva Stoch gjer så mykje betre enn dei andre hopptoppane.

VETERAN: Sjølv om han berre er 27 år vert Anders Fannemel nærast rekna som ein veteran på det norske elitelandslaget i skihopp. Han har no teke fatt på sin åttande sesong der hovudmålet til vinteren er verdsmeisterskapen i Austerrike. Fannemel er dobbelt verdsmeister i lag, men hadde ein skuffande vinter sist då har til dømes var tilskodar under OL i Korea (bilete) og under verdsmeisterskapen i skiflyging.  Foto: NTB/SCANPIX

Sport

– Eg har forsøkt å finne ut kvifor Stoch lukkast så godt ved å studere hoppteknikken. Vi har mykje å lære av han, men å få til ein kopi er ikkje lett. Det er vanskeleg å ta heilt etter. Alle har sin stil.