Hødd og Brattvåg i grøn sone

Tross økonomiske utfordringar er Hødd framleis i grønn sone hos Norges Fotballforbund.

Både Brattvåg og Hødd er i grøn sone. Arkivfoto.  Foto: Vegard Vågnes

Sport

Norges Fotballforbund la torsdag fram rekneskapen for klubbene i andre divisjon, som dannar grunnlag for klubblisens.

Klubbene blir plassert i raud, gul eller grøn sone.

Hødd er, som i siste halvår av 2017, kategorisert i grøn sone. Det blir truleg annleis ved neste rangering. Då viser rekneskapen truleg minus.


Hødd Fotball-styreleiaren:

– Viktig å fokusere på måla for neste sesong

Leiar i fotballstyret i Hødd, Ivar Morten Normark, er sikker på at 2019 blir eit fantastisk år for klubben.

 

Brattvåg var i gul sone i desember 2017, men har no blitt kategorisert i grøn sone.

I dei lokale klubbenes avdeling er opprykksklare Skeid og Nardo i raud sone. I den andre avdelinga er Fredrikstad, Moss, Nybergsund og Raufoss i raud sone.