Tok seg opp på kvalifiseringsplass til eliteserien:

Lokale jenter avgjorde for Volda

Marte Nornes og Maria Ulla vart Voldas mestscorande i sigeren over Stabæk i 1. divisjon onsdag.

Marte Nornes vart toppscorar saman med Maria Ulla.  Foto: Svein Olav Humberset

Sport

Volda spelte onsdag sin siste kamp for 2018. Det skjedde heime mot botnlaget Stabæk, som stod med eit poeng før onsdagens kamp. Volda opna kampen forrykande og leidde 7–1 etter ni minutt. Dei hadde også leiinga 12–4 etter 17 minutt, men til pause stod det 15–10.