«Vi må nok fram med høgtrykksspylaren att, og få ut all «driten». Det må ryddast opp ein gong for alle»

Onsdag kveld har IL Hødd tromma saman til eit ope medlemsmøte på Høddvollhuset, og der blir det folksamt. Etter Sunnmørspostens avsløringar om styreleiar Ivar Morten Normarks behandling av ansatte, er det venta høg temperatur på møtet.

STOLLEIKEN: Tor Meinseth meiner at leiinga i klubben har drive med «stol-leiken» i for mange år. Der dei tilsette har bytta posisjonar alt ettersom det passa seg.  

Sport

Smp.no har snakka med fleire Hødd-sjeler onsdag føremiddag, som ikkje ynskjer å seie noko offentleg. Og som hadde håpa at heller ikkje folk i styre og stell hadde opna seg så mykje i det offentlege rom.