Rauk opprykksdraumen for Volda HK?

Volda tapte den viktige toppkampen mot Follo sist helg. I kveld skulle botnlaget Gneist få unngjelde, men i staden vart det tap 26-31. Spørsmålet er om opprykksdraumen rauk i kveld.

Marte Nornes fekk trøyst med familien etter det overraskande tapet mot Gneist.  Foto: Magne J. Krumsvik

Sport

– Vi yter berre halvvegs heile kampen, det er dessverre ikkje nok på dette nivået.  Sa ein skuffa Voldatrenar Halldór Stefán Haraldsson til Sunnmørsposten rett etter kampslutt. Heimelaget sine spelarar forsvann rett i garderoba, og kom ut igjen lenge etterpå med tårer i augene. Dette var eit virkelig surt tap.