Etter eit vellukka noregsmeisterskap for ungdommar med 500 deltakarar:

Dimna IL vil ha nytt NM

Dei kviler ikkje lenge på laurbæra; Dimna Idrettslag. Etter eit særs vellukka noregsmeisterskap for ungdom kjem dei til å søkje om nytt noregsmeisterskap i 2021.

Vellukka: Ungdomsmeisterskapen vart avslutta i Ulsteinhallen søndag. Her ser vi finalen på 60 meter i klasse kvinner 20–22 år der arrangørklubben Dimna ILs Alice Ulla Berg (nr. 66) tek sølvmedaljen bak Marte Pettersen (nr. 396) frå Trondheim. No kan det gå mot at det vert senior-NM i same hall om to år.  Foto: Jarle Mordal

Sport

– Vår strategi er at vi annakvart år skal arrangere eit meisterskap innandørs i Ulsteinhallen. Det har forbundet utfordra oss på. No må vår arrangørstab få puste ut etter at NM var over søndag, eit meisterskap som gjekk prikkfritt unna.