Kvintett i Kollen-renn

Fem nordfjordsløparar går i Holmenkollen.

Éin av fem: Kasper Mundal frå Stårheim IL er ein av fem lokale løparar i Kollen i dag.  Foto: Privat

Sport

Det årlege Young Star-rennet for dei beste 15- og 16-åringane i skiskyting vert arrangert i ettermiddag. Holmenkollen er møtestad for dei 30 beste gutane og like mange jenter til sesongens mest prestisjefylte renn for desse årsklassane. For i morgon klokka 12.30 sender NRK1 opptak frå rennet.

Nordfjord er som vanleg sterkt representert. Desse fem løparane er teken ut til rennet i Kollen: Kasper Mundal, Stårheim, Magnus Skeide Bakke, Eid, Maren Hjelmeset Kirkeeide, Markane, Ann Kristin Aaland, Hardbagg, og Emilie Flo Stavik, Markane.

Turi Lise Totland, Volda TI, er teken ut som reserve hjå jentene. Rennet går over 3 x 2 km og det er to skytingar.