Volda i same divisjon som Larvik neste sesong:

– Kjekt for oss

Komande handballsesong vert det storfint besøk i Voldahallen.

Har signert: Marte Nornes er ein særs viktig spelar i Volda. No har høgrebacken signert for nok ein sesong i Volda-drakta til glede for medspelarar og trenerapparat.  Foto: Marius Simensen

Sport

Då kjem Norges beste damelag frå slutten av 1990-talet og fram til 2017; Larvik Håndballklubb til Volda for å spele seriekamp i 1. divisjon. Larvik har 19 seriegull og 17 cupgull ifrå si stordomstid, og ikkje minst som vinnar av meisterligaen i 2010/11-sesongen.