Rekordstor fotballfest i Hundeidvik

– I år utvida vi fotballfestivalen vår til 160 lag og den var fullteikna allereie etter ein dag.

Fotballfest: Her eit bilete frå kamp mellom Langevåg i (gule drakter) og Norborg for nokre år sidan.   Foto: Atle Hole

Sport

Det seier ein oppglødd Geir Kvalvåg i Hundeidvik IL framfor den årlege fotballfesten for born til og med ti år. Som skal arrangerast laurdag i Hundeidvik der 120 av bygda sine 360 innbyggarar tek del i dugnadsarbeidet for å skipe til nok ein suksessfull festival.