Hellesyltløpet:

Endeleg Hans Kristian sin tur

Hans Kristian Stadheim har skaffa skarpskodde deltakarar til løpet og delteke sjølv. Men aldri vunne, før i år.

Hans Kristian Stadheim, Sunnylven IL, og Torhild Dybwad Mathiesen, Sportsklubben Vidar, vann begge Hellesyltløpet for fyrste gong. Stadheim etter mange forsøk, Mathiesen trong berre eitt.  Foto: Atle Hole

Sport

Hans Kristian Stadheim er i dag skitrenar for Storbritannia sitt langrennslag. Inne i sitt tredje av fire kontraktfesta år. Gjennom løparar som Andrew Musgrave og Andrew Young har han hatt suksess. Musgrave med tre topp sju-plasseringar i sist VM.