Første klubbytte for 21-åringen:

Ørsting til islandsk 3. divisjon

Knut Erik Myklebust (21) frå Ørsta tok torsdag turen over Norskehavet for å spele for den islandske klubben Höttur.

KLUBBYTTE: Knut Erik Myklebust forflyttar seg frå Ørsta til Island for å spele fotball.  Foto: Lene Flataker

Sport

Myklebust har hittil spelt for klubben Ørsta, som for augeblikket er i 4. divisjon. Han står oppført med over 100 kampar og nesten like mange mål for klubben. Toppskåraren har vore ein viktig angrepsspelar i den kvite drakta, men er no klar for nye eventyr i utlandet.