Mange mosjonistar gjekk «Saudehornet rett opp»

I Naturfestivalen sitt 15. år er det framleis «Saudehornet rett opp» som blir rekna som spydspissen til festivalen. Motbakkeløpet dreg mosjonistar i alle aldrar, slik som festivalen elles.
Sport

Deltakinga i nemnde løp har vore varierande, truleg som ei følgje av at véret ikkje alltid har vist seg frå si beste side. I år var vérvarsla for løpsdagen gode, noko som gav positivt utslag for talet på deltakande mosjonistar.