Slo Grane Arendal 31-25 på bortebane

Volda vann sin femte strake siger

Kan Volda-damene neste sesong spele på elitenivå, mot storlag som Vipers og Byåsen? Det kan sjå slik ut!

Imponerte nok ein gong: Desse Volda-spelarane scora flest mot Grane Arendal. Frå v: Lone Vik, Ingrid Rye og Aleksandra Zimny. Særleg åtte reine spelemål frå 20-årige Ingrid Rye er imponerande. Og ho får mykje skryt av trenaren sin også.   Foto: Jarle Mordal

Sport

råSøndag var Volda-damene på tur til Sørlandet og nyopprykte Grane Arendal, som verkeleg sette ein støkk i Volda i innleiinga av kampen. Men til slutt vart Volda for gode, og vann komfortabelt 31–25. Ved pause var stillinga 16–13 til Volda.