Hødd møter ny elite-motstandar

I første kamp spelte Hødd mot eliteserievinnaren Molde. No ventar vinnaren av 1. divisjon.

Hødd møter Aalesund til kamp fredag klokka 17.00 i Ålesund. 

Sport

I Hødd sin tredje treningskamp for sesongen ventar eliteserielaget Aalesund fredag. Også i første kamp spelte dei mot topp motstand i Molde. Knappen meiner det er fleire positive sider med å teste seg mot slike lag for 2. divisjonslaget.


Fredag klokka 16.50:

Se AaFK - Hødd direkte

Vi viser treningskampen mellom AaFK og Hødd direkte fra Color Line stadion fredag. Kampen starter klokka 17.


– Vi ser på det som positivt å få teste oss mot de beste. Då får eg eit klart bilde av kor vi vart utfordra, og vi får ikkje ein falsk tryggleik i at dette her er vi gode på, men også avdekka klart og tydeleg kva vi må jobbe med. Det er eit pluss med å møte topp motstand, seier Knappen til Sunnmørsposten.

– Så for din del passar det ganske bra at laget ditt vart testa så tidleg etter at du vart tilsett?

– Absolutt. Så er dette trening, her skal vi ute å springe også, men uansett ønskjer man å vinne alt man gjer, også i trening, seier Knappen.


Førebels ser det ikkje ut som at nokon skal prøvespele i kampen mot Aalesund.

– Per no har vi ingen, men vi skal ha ytterlegare to til tre spelarar inn, så det kan vere at kjem nokon, seier Knappen.

Martin Mork Breivik har nettopp kommen tilbake i trening og er ikkje aktuell for kampen. Det er også usikkert om Bam Hide vart klar til oppgjeret.