Volda ber om ny opprykksvurdering – forbundet opnar for unntak

Torsdag vart det klart at Volda blir plassert på fjerdeplass istadanfor tredjeplass i 1. divisjon i handball. No ankar dei vurderinga.

Hanna Ræstad blir trøsta etter eit tap for Fyllingen som kan ha kosta Volda eit opprykk.  Foto: Marius Simensen

Sport

I førre veke vart handballsesongen avslutta grunna koronasituasjonen før sesongen var ferdigspelt. Då hadde Volda nettopp tatt over tredjeplassen i 1. divisjon, som normalt gir kvalifisering til eliteserien. Torsdag bestemte Handballforbundet seg for at tredjeplassen får tilbod om opprykk, men det vart ikkje Volda. Rælingen med eit poeng mindre og ein mindre kamp spelt hadde betre snittpoeng og tok over tredjeplass av den grunn.