Handball:

Både Ørsta og Volda 2 vann 3. divisjon, men får truleg ikkje rykkje opp

Begge laga hadde ambisjonar om å nå 2. divisjon og leia si avdeling i 3. divisjon då handballsesongen vart stoppa, men regionale kvotar hindrar truleg opprykket.

Herrelaget til Ørsta får kanskje ikkje rykkje opp, sjølv om de vann 3. divisjon.  Foto: Espen Langeveld

Sport

Tidlegare i veka vart det klart at Region Nord, som handballen på Sunnmøre er ein del av saman med Trøndelag og den nordlege delen av Norge, gir to av dei fire avdelingsvinnarane ein plass i 2. divisjon.