Dimna-sprinter sprang inn til årsbeste i landet

Dimna starta laurdag utandørssesongen med eit eiget stemne på Høddvoll.

SAT PERS: Desse fire Dimna-utøvarane sat personleg rekord i helga. Frå venstre Jonas Andre Ose, Anna Garnes Kleven, Kornelia Roppen og Lill-Joelle Miltz.   Foto: Arve Hatløy

Sport

I stemnet viste fleire av Dimma sine utøvarar at dei har gjort treningsjobben godt, sjølv om konkurransar har vore lagt på is de siste månadene grunna koronaviruset. Den som imponerte aller mest var Jonas Andre Ose. Han slo sin eigen personlege rekord med tre hundredelar då han sprang inn på tida 10,91 på 100 meter. Det gav førebels årsbeste i Norge på øvinga.