Brattvåg-nøkkelspelar signerte ny kontrakt

Emil Dahle (29) har signert ny kontrakt med Brattvåg Fotball. Den nye kontrakten varer ut 2022-sesongen.

Ny kontrakt: Brattvåg-spelar Emil Dahle har signert kontrakt ut 2022.  Foto: Jarle Mordal

Sport

Det melder klubben på si nettside. Dahle uttalar der at han trivst godt i Brattvåg og ha trua på det sportslege i klubben. Den tidlegare eliteseriespelaren er ein nøkkelspelar i laget og har vore i klubben sidan 2017.

– Emil har vore ein støttespelar i fleire sesongar og vil vere det vidare. At han signerer ein lang avtale med oss viser at han har tru på det som skjer her. Dette er også eit positivt signal til omgivnadane. Emil er eit førebilete for våre unge spelarar og ein framifrå ambassadør for klubben, seier dagleg leiar Oddmund Davik Otterlei til nettsida.


Brattvåg-seier i lokalderbyet

Brattvåg åpnet sin første treningskamp etter kornastoppen med 2-0 over Hødd, etter scoringer fra Sami Kamel og Sam Tattum.