Sjå Brattvåg og Hødd i 2. divisjon

SMP.no streamer alle kampane i årets 2. divisjon med Brattvåg og Hødd i aksjon.

SMP.no sender alle kampane til Brattvåg og Hødd i 2. divisjon.  Foto: Jarle Mordal

Sport

Etter ein altfor lang pause startar 2. divisjon opp igjen på denne helga. Av dei lokale laga er Hødd først i aksjon.

På laurdag klokka 16.00 møter dei Moss på Høddvoll. Kampen kan du sjå ved å trykkje på denne lenka (krev abonnement).

– Vi gler oss skikkeleg. Hødd skal vere i den enden av tabellen kor det er moro å vere, seier Kevin Knappen til Sunnmørsposten.

Brattvåg spelar også sin første kamp for sesongen. Dei tar turen til Oslo og spelar søndag klokka 13.00 mot Skeid i hovudstaden. Denne kampen kan du sjå ved å trykkje på denne lenka. (krev abonnement)