KFUM Volda klarar ikkje å halde på spelarane: – Me må bli meir profesjonelle

Kaptein Vilde Stakseng og Jenny Fløystad Juliebø har allereie dratt frå klubben. Nå ønsker trenar for KFUM Volda Volleyball, Vladislav Todorov, meir profesjonalitet for å behalde framtidige spelarar.

ENGASJERT: KFUM Volda-trenar Vladislav Todorov er tydeleg engasjert i kampane med KFUM Volda. No ønskjer han meir profesjonalitet i klubben.  Foto: privat

Sport

– Eg meiner me må bli meir profesjonelle. Først og fremst må me finne ein måte som får jentene til å bli her i Volda, seier Todorov til Sunnmørsposten.

Han meiner damelaget til Volda i handball er eit godt eksempel å sjå til.

Me må klare å gi eit tilbod til jentene som fullfører vidaregåande, som gjør det attraktivt for dei å studere her. Eller så må me gi dei støtte til å få seg ein jobb, eller ein deltidsjobb. Dette er noko handballaget gjer, seier volleyballtrenaren.