Volda braut forbanninga:

Tukta opprykksfavoritt: – Utruleg kjekt

3. divisjonslaget Volda unngjekk ny kollaps i sluttminutta, og kriga seg til første siger sidan hausten 2019.

Endeleg siger: Volda-kaptein Rasmus Aarflot.   Foto: Martin Langeveld

Sport

– Det gjekk som vi håpte og det var utruleg kjekt å spele seriekamp her heime igjen. Vi visste at dei kom til å ha mykje ball, men vi ligg tett og kompakt og har bra kontroll defensivt. No skal vi kose oss og lade batteria til neste kamp.