Arild (61) har vore eldsjel og «o-nerd» sidan han var 15 år gammal. – Det handlar om at eg brenn for bygda

– Skal det bli o-løparar av folk, må dei ha interesserte foreldre. Du kan ikkje stå der som ein tulling når poden treng hjelp.

NYT ROA: Det er rundt ti år sidan Rødssetret vart skikkeleg sett i stand. Det er ein skatta plass i livet til Arild Røen.  Foto: Bård Bøe

andreidretter

Fitjavatnet ligg svartblankt og speglar skogen, vassrikt etter dagar med styrtregn. Ein gong rodde han seg vill i skodda utpå her, og heller ikkje i livet har alt gått på skjener alltid. Men han har det med å finna fram, Arild Røen. I skogen og i livet.