– Dette er ein kamp Hødd MÅ vinne – vi MÅ eigentleg ingenting

Hødd banka Brattvåg heile 4-0 på Brattvåg stadion i vår, det var denne kampen som starta ei lang rekke med nedturar for ­Brattvåg.

Tid for revansje?: Brattvåg har opplevd ei utruleg form-heving i haust, med siger i seks av dei sju siste kampane. No skal gultrøyene til Høddvoll, og det veit Brattvåg-trenar Karl Oskar Fjørtoft blir ei hard nøtt å knekke. 26. mai tapte Brattvåg 0-4 heime mot Hødd, men Fjørtoft ser ikkje bort frå at revansjen kan kome søndag. Fjørtoft meiner at alt presset ligg på Hødd føre kampen.  Foto: Marius Simensen

fotball

No er tida inne for revansje, men skal Brattvåg klare det må det bli siger på sjølvaste Høddvoll, og det er ikkje enkelt. Det veit Brattvåg-trenar Karl Oskar Fjørtoft alt om. Han spelte på Hødd i den førre glansperioden til klubben, då Hødd var i eliteserien midt på 90-talet, og det er ikkje lenge sidan han var tilbake der, som assistenttrenar under Steinar Lein.