Dahle klar for Brattvåg

Solid forsterkning for 3. divisjonslaget.
fotball

Brattvåg har fått på plass ei solid forsterkning etter at Emil Dahle i går skreiv under for 3. divisjonsklubben. Han kjem frå spel i HamKam og har skreve under ei kontrakt på 3,5 år.

– Vi har vore på jakt etter ein spelar på midtbana som kan meistre fleire roller i laget. Då namnet hans dukka opp, så var det ein spelar vi ville ha, seier sportssjef Per Gidlund.
Dahle har tidlegare spelt for mellom anna Molde, HamKam, Stabæk, Start og Bryne. I fjor var han ein viktig brikke i HamKam.

– Både han og sambuaren er frå regionen vår, så det passa bra å spele for Brattvåg. Vi har hatt kontakt med Emil i nokre veker før han kom hit, seier Gidlund.

Dahle spelte førre vekes treningskamp mot AaFK, der han var av dei beste på Brattvågs lag.