Sondre Beite kan vere ferdig i Hødd denne veka

På veg til Brattvåg?

Sondre Beite (21) kan ha spelt sin siste kamp for Hødd. Det ligg i korta at Brattvåg kan bli hans neste arbeidsgjevar.

KAN HA VORE SISTE KAMPEN Sondre Beite starta dei to siste vårkampane til Hødd i 2.-divisjon, men fekk berre nokre få minutt av trenar Sindre Eid (til venstre) i treningskampen mot Aalesund søndag. Det kan ha vore dei siste minutta 21-åringen frå Skodje fekk i Hødd-drakta. I løpet av denne veka kan Beite ha funne seg ein ny arbeidsgjevar, til dømes Brattvåg. Beite kom til Hødd framfor 2014-sesongen og fekk a-lagsdebuten mot slutten av året. Frå 2015 har Beite vore a-spelar i Hødd, men sjeldan med mykje tillit.   Foto: Einar Orten Trovåg

fotball

– Eg kan ikkje seie så mykje om dette. Før helga hadde eg eit møte med Sindre (Eid). Og så er det éin klubb som har vist spesiell interesse for meg. Eg håper og trur det kan skje noko ganske fort. Men eg veit i grunnen frykteleg lite, seier Sondre Beite.