Hødd 2 rykte i praksis opp i 3. divisjon mandag, same dag som AaFK 2 rykte ned frå 3. – til 4. divisjon. Med andre byter dei to andrelaga plass i divisjonssystemet neste år. Noko AaFK som klubb ikkje set særs pris på. For Hødd 2 ventar ein ny kvardag, med mange lange reiser og eit adskillig tøffare nivå i neste års 3. divisjon. Er dei budde på det?

28 mål betre

Ung trenar

Sander Nyland er altså hovudtrenar for Hødd sine rekruttar, han er lillebror til landslagskeeper Ørjan Nyland. Og truleg mellom dei aller yngste trenarane på eit såpass høgt nivå. Men han har rutinerte medtrenarar å støtte seg til, i Einar Magne Skeide, Reidar Vikebakk og Harald H. Rise.

- Det ser jo bra ut no, eg er einig i at vi nok avgjorde toppstriden i dag. Men vi skal avslutte på best mogleg måte også i dei tre siste kampane våre, lover Sander.

23 år og fotballpensjonist

Som altså kun er 23 år gamal, og som har lagt keeper-karriera på hylla etter ein hofteoperasjon for to år sidan. Og ein ny operasjon ventar seinare i haust.

- Eg satsar for fullt på trenargjerninga framover, draumen er sjølvsagt å få trene eit bra A-lag på sikt. Men akkurat nå storkoser eg meg med denne herlege gjengen på Hødd 2. Eg har sjeldan vore så glad som søndag, då Johannes Sundgot fekk starte på backen og Håkon Brautaset kom inn og scora sigersmålet mot Vindbjart. Eg føler jo at dei er «mine» gutar, smiler Nyland.

Interessert i lokalfotball? Se hvilke kamper som spilles i dag

Mot Larsnes/Gursken var det Badr Rahhaoui, Gustav Dimmen, Isak Haanes og Isak Skotheim som scora måla. Hødd 2 tok ut Rahhaoui, Magnus Myklebust og Preben Sætre etter 45 minutt, men unggutane scora heile tre gonger utan den rutinerte trioen på bana. Det er sterkt, og syner at Hødd har rekrutteringa i orden.

- Eg trur vi får behalde samtlege også neste år, og eg trur vi skal bite godt frå oss i 3. divisjon. Men sjølvsagt er vi avhengige av litt hjelp frå seniorspelarar også. I år har vi i snitt hatt tre seniorar med i kampane i 4. divisjon, fortel Sander Nyland.