Du kan følge treningskampen på smp.no, kampstart er fredag klokka 17, sendinga startar klokka 16.50. Tilbodet er for abonnentar av avisa. Registrer deg her for å lese Pluss. Her kan du bli abonnent på Sunnmørsposten.

Barstad har trent med AaFK i januar for å spele seg til ein A-lagskontrakt, men det klarte han ikkje. Neste stopp i karrieren blir Brattvåg i 2. divisjon.

– Joakim blir ei solid forsterking for oss. Det er snakk om ein lokal spelar som vi trur vil passe godt inn i 2. divisjon, seier Brattvåg-trenar, Karl Oskar Fjørtoft, til Sunnmørsposten.

Den 20 år gamle midtstopparen frå Vatne er med når Brattvåg skal møte AaFK på Color Line Stadion fredag kveld.

– Det var bra at vi fekk ei økt på full bane mot Molde, som var ein grei kamp av oss. Vi har måtte trene mykje i hallen vår sidan bana har vore frosen, seier Fjørtoft.

Brattvåg er på jakt etter fleire nye spelarar, og har med seg Sogndal-spelarane Simen Brekkhus og Fredrik Flo, som er på besøk denne veka.

– Vi har ein dialog med Sogndal om desse to, så får vi sjå kva som skjer med dei. Eg vil ikkje seie så mykje meir om spelarane før etter kampen mot AaFK. Eg håper både spelarane og vi får vist oss godt fram, seier Fjørtoft.