Mål av Eirik Haugan, Daniel Eid og Peter Hasund gjorde at Hødd til slutt vann 3–0 over 3. divisjonslaget.

– Det var ei grei gjennomkøyring for oss mot eit godt Herd-lag. Eg synest Herd er eit bra lag. Det viste dei også i fjor. Dei er godt trente, godt organiserte og dei spring mykje og fort, seier Hødd-trenar Sindre Eid om torsdagens motstandar.

Spesielt på heimebane har Herd vore gode dei siste åra, der dei ikkje har tapt ein einaste gong dei to siste sesongane.

Klart tap for Hødd: AaFK startet med fire islendinger - kjørte over Hødd

Jamt lenge

Førsteomgang var ifølgje Sindre Eid relativt jamspelt, der Hødd var hakket kvassare enn motstandaren. Midtvegs i omgangen sette Eirik Haugan inn Hødds første scoring då han stonga inn ein corner frå Eirik Franke Saunes.

Også andreomgang var lenge jamspelt, men etter at Daniel Eid auka på til 2–0 midtvegs i omgangen tok Hødd over oppgjeret.

Til slutt sørga Peter Hasund for at det enda 3–0 til gjestane frå Ulsteinvik.

– Eg synest det ser rimeleg greitt ut for vår del no. Vi har ein veldig flott gjeng som vil bli betre. Eg trur det blir bra til slutt. Så står att det berre å sjå kor bra det blir, seier Sindre Eid.

I torsdagens oppgjer stod Rollon-keeper Jonas Mathiesen i mål for Hødd. Han er aktuell som erstattar for skadde Jan-Lennart Urke.

– Jonas er ein god keeper, det er det ingen tvil om. Vi får ta ei oppsummering over helga på kva vi gjer på keeperplassen, seier Sindre Eid.

Les flere saker om lokal fotball.