– Eg har fått tilbakemeldingar frå heile Fosnavåg og Herøy. Det har storma inn med meldingar. Stemninga er god og folk er glade. Det vore stigande interesse for fotball her ute, men dette er slike opplevingar som vil få endå fleire folk til stadion, trur Toni Sandanger.

– Kva har gjort mest inntrykk?

– Det er klart at vi er veldig mange unge på laget vårt. Og når det kjem meldingar frå gamle fotballspelarar som gir deg som trenar ros for det arbeidet du gjer, så blir det høgt verdsett for meg som trenar. Og for min del betyr det veldig mykje at dei unge får sjansen. Det trur vi er rett. Og vi såg korleis det gjekk i går: Tre-fire unge spelarar som stod fram og viste det seg som seniorspelarar på høgt nivå, seier Sandanger.

På Havila stadion er også dagleg leiar Tom Beddari høgt oppe dagen derpå.

– Stemninga er veldig god i dag. I går var det ein magisk kveld som verkeleg gir påfyll og energi for oss i Bergsøy, ikkje berre trenarar og spelarar, men alle rundt klubben. Det er jo dette som er sjarmen med fotball, at dei små kan overraske dei store, seier Beddari.

Både Beddari og Sandanger er klare på at dei ønsker AaFK alt godt vidare.

– Eg ønsker av heile mitt hjarte at AaFK rykker opp i igjen i eliteserien. Alle trenarar og spelarar har sine dagar der ting går gale. Lars Bohinen sa han var bekymra før møtet med oss. Og det hadde han god grunn til. For på Havila stadion er vi ekle å møte. Det vi leverte i går låg på eit høgare nivå enn 4.divisjon, der vi er til dagleg, seier Sandanger.

Beddari håper også at AaFK fort ristar av seg cup-tapet.

– Det er mange AaFK-supporterar i Fosnavåg, og vi håper dei også er våre supporterar, smiler Beddari.