(Vikebladet) – Eg var klassestyrar for ei anna klasse, men eg hadde ein del gymtimar med klassa til Åge, fortel Grimstad.

Frå sofaen i stova prøver 77-åringen å hugse meir enn femti år tilbake, til då han var lærar på Hareid skule og altså hadde ein komande landslagstrenar som elev.

Ville ha med ballen

– Eg hadde gått to år på lærarskulen i Volda og hadde jobba eit år på Hjørungavåg skule. Så fekk eg arbeid på Hareid skule i 1965. Då var eg 24 år gamal, fortel han.

Åge Hareide, som no er trenar for det danske fotball-landslaget, var då inne i sine siste år på barneskulen. Arne Ola Grimstad var og er ein ivrig fotograf, og tok bilde av alle klassene han var lærar for. På stovebordet ligg det eit klassebilde, som han har leita fram til ære for Vikebladet Vestposten.

– Bildet tok eg i eit friminutt på Hareid skule. Eg meiner det må ha vore skuleåret 1966/67. Eg er ikkje stand til å hugse namna på alle, men det er veldig lett å sjå kven som er Åge Hareide. Det er han som held ein fotball, han skulle absolutt ha ballen med på bildet, seier Arne Ola Grimstad.

Passeleg hissig

Kva hugsar du av han?

– Han var ein gutunge som markerte seg. Han var veldig ivrig etter å sparke fotball, og at han står med fotballen på bildet, det er så klassisk. Han var passe hissig og «storkjefta», men kvardagen kravde litt temperament, særling i kivinga mellom «uttatemitlane» og «innatemitlane».

At det var ...?

– På den tida var Hareid delt i to, det var indre og ytre Hareid. Dei som budde utom Åsenelva kalla vi «uttatemitel», dei som budde innom, var «innatemitel». Så det var litt kiving, og Åge visste å svare for seg. Han var det eg vil kalle ein friskus, og det trur eg må ha godt kome med seinare i livet, fortel Grimstad.

Etter to år på Hareid skule flytta Arne Ola Grimstad og kona Margot til Finnmark. I 1980 busette dei seg i Ørsta.

Ser gjerne fotball

I år er det ti år sidan Grimstad pensjonerte seg, etter 45 år i læraryrket. Han har framleis mange jarn i elden og skal snart på tur til Finnmark med kone, barn og barnebarn. Og så blir det litt fotball innimellom.

– Eg følgjer med på VM og har stor glede av å sjå ein kamp. Men det er ikkje slik at verda går under viss eg ikkje får sjå ein kamp eller to. Det spesielt kjekt at Danmark og Sverige har gjort ein god figur. Og så har eg veldig sansen for Island, seier han.

Kor nøye har du følgt din tidlegare elev gjennom karrieren som spelar og trenar?

– Eg har ikkje lese alt om han, men eg har registrert at han har vore både i Molde, Sverige og Danmark. Eg har stor respekt for Åge. Han viser folkeskikk, du ser aldri at han brukar kjeft, han er alltid blid når han vert intervjua. Han står fram som roleg og sindig.

Men Hareidsdialekta hans er vel litt utvatna?

– Jau då, det er sant, men eg skjønar at det ikkje er så enkelt å halde på dialekta. Han har budd mange ulike stader, også i utlandet, og skal du gjere deg forstått i Sverige og Danmark, må du moderere språket ditt, seier Grimstad.

Denne saka vart først publisert av Vikebladet.